RJÅNES UNGDOMSSENTER ![]()
![]()
Rjånes
ungdomssenter har rom og utstyr til barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, bursdag,
slektsstemne eller minnestunder. Vi kan til saman i møtesalen og peisestova
romme over 100 gjester til festbord. Matsalen rommar opptil 75 gjester. Ta
gjerne kontakt utan forpliktingar.
Med
tilreisande gjester er det og enkelt å huse dei hos oss. Med 8 rom med 6 senger
og 3 rom med 3 senger, har vi 57 senger på 4 hytter. Ein kan leige sengeklede.
Vi
leiger gjerne ut delar eller heile huset, og de har slik moglegheitene for å
gjere selskapet til dykkar eige. Med eit godt høgtalaranlegg med teleslynge, på
heile hovudbygget skulle det vere eit godt utgangspunkt for eit vellukka
arrangement.
For
dei aller minste kan vi tilby 4 barnestolar, som kan gjere middagen kjekkare både
for liten og stor. Vi har eit flott uteområde med alternative aktivitetar i
ulike aldersgrupper. Inne har vi ulike brettspel, fottballspel og leikar for dei
aller minste.
Har
du tankar om å arrangere kurs, konferanse, møte eller seminar, kan Rjånes
ungdomssenter absolutt vere staden for deg. Her tilbyr vi deg å leige staden
utan andre forstyrrande element, her leiger du delar eller heile huset, med
eller utan hytter til di samling.
Av
utstyr kan vi nemne Whiteboard-tavle med flippover og skjerm, separat skjerm,
flippover, overhead, lysbildeapparat, projektor, video, kopimaskin, faks,
telefon, piano i møtesal/peisestove, piano i matsal og lydanlegg med
teleslynge.
Rjånes
ungdomssenter har eit flott uteområde med ulike aktivitetar og fine turmål.
Med
våre fasselitetar skulle det vere moglegheiter for eit vellukka arrangement til
konkurransedyktige prisar. Ta gjerne kontakt.
På
Rjånes ungdomssenter har vi 4 hytter med til saman 57 senger. Kvar rom har
vask, med toalett og dusj på kvar hytte. Dei tre hyttene Matteus, Markus og
Lukkas har 2 rom med 6 senger og 1 rom med 3 senger. Medan Johannes har 2 rom
med 6 senger og eit vaskerom med tilgang til vaskemaskin og tørkeskåp.
Alle
senger har dyne og pute og fekk nye madrassar i 2003, ein kan leige sengeklede
og handdukar.
For
tida leiger vi ikkje ut til tilfeldig overnatting, men tek gjerne imot grupper
som bestiller på førehand.
Vi
leiger ut:
4
Kanoar med symje-/redningsvestar
5
BMX/triksesyklar
1
Biltilhengar (lastevekt 1000 kg)
1
Damprensemaskin
1
Projektor